Dramatisk møte med moskus på Grønland

Tekst og foto: Ola Heensåsen –

Bakgrunn

I 1924 kjøpte Schjelderup Sælfangstrederi i Nordland polarskuta Quest, Ernest Shackleton sitt siste ekspedisjonsskip i Antarktis. Shackleton døydde om bord i Quest i 1922. Ludolf Schjelderup var ishavsskippar og etter kvart eigar av Schjelderup Sælfangstrederi, og rederiet sette skuta inn som fangst-, turist- og ekspedisjonsskip i Arktis. Quest hadde eit langt og interessant liv inntil ho gjekk ned utanfor Newfoundland i 1962.

Tore W. Topp frå Hamar er svigerson til Ludolf Schjelderup. Tore ga i 2023 ut boka Schjelderup Sælfangstrederi – En historie om risiko og pågangsmot. I den tida han arbeidde med boka, arrangerte han mange historiske ekspedisjonar i Arktis i kjølvatnet av Quest. Den fyrste ekspedisjonen gjekk til Nordaust-Grønland i 2001. I dette området dreiv nordmenn og danskar fangst av rev og bjørn på fyrste halvdel av 1900-talet, og det finst fortsatt mange fangsthytter der. Ein del av hyttene blir haldne vedlike gjennom frivillig innsats organisert av danske NANOK.

Vi vitja mange av hyttene i dette flotte området. Norge kalla det Eirik Raudes Land og prøvde å annektere denne delen av Grønland i 1931. Danmark vann den følgjande rettssaka ved domstolen i Haag i 1933, men nordmenn fekk fortsatt lov å drive fangst der.

Vinteren 1936-37 overvintra Quest i botnen av Loch Fyne fjorden. Skuta var leigd av den eksentriske franske greven Gaston Micard. Han ynskte å oppleva ein vinter i Arktis, men heldt seg stort sett på og rundt skuta. Mannskapet dreiv fangst. Vi måtte sjølvsagt inn til staden der Quest låg den vinteren, og det var på ein fottur vi fekk eit dramatisk møte med ein moskus.


Moskusen

Støvskya står der kulene slår ned i bakken framfor dyret. Moskusen ensar det ikkje, han kjem rett mot oss. Og han kjem fort. Eg knipsar eit bilde idet Hans tek eit nytt ladegrep. No skyt han for å drepa.

Kartutsnittet viser kvar Loch Fyne og Myggbukta ligg på Nordaust-Grønland. Fotturen gjekk frå botnen av Loch Fyne sørover til den nedlagde stasjonen i Myggbukta. (Frå kartet Frans Josefs Fjord 1931, Norsk Polarinstitutt).

Vi er på fottur frå Loch Fyne til Myggbukta på Nordaust-Grønland. Vi har delt oss i fleire grupper, kvar gruppe er på fire personar. Ein person i kvar gruppe har våpen og har sikringsansvaret for gruppa. Mi gruppe går fyrst, og vi har etter kvart fått avstand til dei andre.

Det er moskus i området, som regel i små familiegrupper. Vi held god avstand, og dyra ser ikkje ut til å bli uroa av at vi passerer. Vi går over ei vid slette, og ei stund har vi lagt merke til eit einsleg dyr på ein åsrygg fleire hundre meter unna. Så ser vi at moskusen kjem ned åssida mot sletta. Han stoppar like før han er nede. Vi går roleg vidare for å få større avstand til dyret.

Så skjer det. Moskusen kjem i full fart mot oss.

Så skjer det. Moskusen kjem i full fart mot oss. Hans sender avgarde to varselskot, utan virkning. Situasjonen er veldig spent, dyret må stoppast før det når fram til oss. Hans skyt to skot mot moskusen, men det er det tredje skotet som råkar godt nok til at dyret stoppar. Oksen dett over på sida. Han er tredve meter frå oss.

Sikringsmannen i neste gruppe har no nådd fram og avlivar dyret med eit nakkeskot. Vi er alle prega av det som har skjedd. Vi er glade for at ingen er skadd, men leie oss for at det flotte dyret måtte bøte med livet.

Vi er i verdas største nasjonalpark. Dyrelivet er freda, det er berre inuittane som har løyve til å drive jakt her. Via satellittelefon får vi kontakt med styresmaktene i Nuuk og fortel kva som har hendt. Vi får beskjed om å la moskusen ligge. Det er ulv i området, så dyret vil snart vera borte. Ein skriftleg rapport om hendinga må leverast straks vi er attende på båten.

Naturen på Nordaust-Grønland er storslått, dette er villmark. Helst skulle vi ha vore her utan å sette merke etter oss, men slik vart det dessverre ikkje denne gongen.