Av Marit Karlsen Brandal –
Året er 1971, og 17 år gamle Arne Odd Røbekk hadde mønstra på Polarbjørn som fangstmann for selfangst ved Newfoundland. Arne Odd vaks opp i ein heim der det var eit naturleg valg det å verta fangstmann, slik det også var det i mange andre heimar på Sunnmøre på denne tida. Eg er so heldig å ha fått ein prat med Arne Odd om hans opplevingar på sin første tur på ishavet, og dette er basert på slik han hugsar det. Sjølv om Arne Odd i mange år etterpå hadde turar i isen, hugsar han likevel godt den gongen han var det vi kalla «førstereisgut» på ishavsskuta Polarbjørn.
Skipper på Polarbjørn var Henrik Marø, son til den legendariske ishavsskipper Kristoffer Marø som hadde rykte på seg til alltid å føra ei skute «som alltid kom fram». Dette renomeet hadde også Polarbjørn i tidlegare tider då skuta gjorde innsats under andre verdskrigen med frakt av våpen og utstyr mellom USA og Grønland.
I 1971 vart Polarbjørn, bygd i 1932, rekna som umoderne samanlikna med alle dei nye selfangarane som sidan hadde kome til. Polarbjørn vart i tillegg opprinneleg ikkje bygd for ishavet, og skroget var ikkje sveisa, kun med klinka stålplater (som Titanic).
Etter proviantering i Ålesund, vart skuta klargjort i Brandal for å vera vekke i om lag to månader. I tillegg til mat, var vatn noko av det viktigaste å få om bord. Polarbjørn var ikkje utstyrt til å kunne produsera ferskvatn frå sjø slik som dei meir moderne skutene kunne. Dei måtte derfor greie seg med det dei fekk fyllt på tanken, uansett kor lenge dei kom til å vera vekke. Det var derfor dusjeforbod for absolutt alle om bord med ein gong dei hadde løyst fortøyningane for overfarta. Ferskvatnet skulle kun vera til drikke og matlaging, og sjølvsagt til jernkua for mjølkeproduksjon. I tillegg til mat og vatn, var det mykje som måtte med for å kunne fangste. Dette var stort sett utstyr som hadde vore i bruk i årevis, men som kun vart teke om bord for selfangst. Som til dømes flagg for å merke «dongar» med skinn på isen, «knebla» for å hekte i hop skinna og sjølve jernhovudet på det hakkeliknande fangstreiskapen hakapiken.
Normalt sett brukte det ikkje vera noko problem å hyra fangstfolk til selfangsten. Men sidan det dette året var mange, meir moderne skuter i flåten, hadde Polarbjørn litt vanskar med å få mange erfarne fangstfolk (som var å foretrekke). Dette sjølv om Henrik Marø var ein svært populær skipper, hjalp ikkje det når dei andre skutene hadde sterkare motor, var meir moderne, hadde betre komfort og potensiale for større fangst. Arne Odd meiner dei dette året var 14 fangstfolk, der 10 aldri hadde vore på selfangst, og dei fire andre hadde kun vore ein tur tidlegare. Dette var uvant, då det normalt sett kun var to eller tre fangstfolk som var førstereis. Dei 10 førstereisgutane måtte før avreise ta eit obligatorisk kurs i selens anatomi ved Voldsdalen Slakteri. Det viktigaste var å få kjennskap til kor hjerna var plassert, slik at hakapiken traff rett på hovudskallen.
Atlanterhavet kan vera svært røft i mars/april, og dette slo heller ikkje feil i 1971; det var storm og kuling imot under heile overfarta. Dei fekk også ein brottsjø som øydela ein del, men ingen personskader. Arne Odd fortel at det derimot gjekk ut over antenner og baustag, og at ein del av skuterekka fekk store skader.
Uavhengig av veret var det mykje som måtte gjerast under overfarta før dei kom til fangstfeltet. Alle som skulle vera med på fangsten måtte til dømes spikke skaft til hakapikane av ein om lag ein meter lang trestokk, og slire til spekk-kniven av to emner som seinare vart surra saman av tjærebelagt seilgarn. Både skaft og slire vart av alle spikka nytt for kvart år, og ikkje berre for dei som var på sin første tur.
Da Polarbjørn nærma seg Newfoundland og kaldare ver, byrja isinga på skuta. Alt det ytre vart dekka av eit islag, som berre vart tjukkare og tjukkare . Og skuta låg tyngre og tyngre i sjøen. Alle som ikkje hadde anna å gjera vart derfor satt til å banka is med store treklubber. For mykje nedising kunne vera farleg både med omsyn til vekt og destabilisering
Karl Karlsen frå Brandal dreiv selfangst frå canadisk side, og brukte fly for å finne «selkasta», med dei nyfødde kvitungane av grønlandsel. Det hadde tidlegare vore stor konkurranse blant skutene om å koma først til selen, men Karlsen si rapportering over kortbølgenettet gjorde at skutene no som regel gjekk i kolonne gjennom isen mot dei største kasta. Vel framme vart Polarbjørn og dei andre fangstskutene liggande å vente på startdato for fangsten, og tok eit par selungar for å læra opp førstereisgutane å flå. Kvitungen er eit svært takknemleg dyr å flå, på grunn av det tjukke spekklaget og relativt enkel kropp. So det å gjera dette både rett og raskt var ikkje noko kunststykkje.
Sjølv om fangst av sel har vore regulert sidan 1876, var 1971 det første året der var kvoter å forholda seg til. Kvar skute hadde dette året lov å ta 10 000 grønlandsel og fri fangst av klappmyss. Dei små kvitungane var dei med best skinnprisar, og det var derfor om å gjera å få tatt det meste av kvota på desse små. Karane vart sendt ut på isen kvar dag i grålysninga og kom ikkje om bord att før det byrja verta skymt. Kvitungen vart avliva ved slag i hovudet med hakapiken, flådd, og samla i dungar. Deretter vart skinn med spekk jolla om bord med vaier.
Dagane med fangst gjekk normalt i eitt, og då spesielt under kvitungefangsten. Maten dei ville trenge i løpet av dagen måtte dei sjølve ta med i lommene. Det vart gjerne nokre brødblingsar, kanskje ei boks med sild i tomat og nokre kokte egg. Arne Odd fortel at han gløymer aldri kor himmelsk dette smakte når dei etter mange timar fekk tid til å eta. Heldigvis vara denne kvitungefangsten kun 7-8 dagar, før pelsen hadde vorte «lurv» og ubrukeleg for salg.
Når ein heile dagen ikkje har tilgang på do, må dette nødvendigvis gjerast i friluft. Det gjekk greit å finna ein isknultr å sette seg bak, men verre var det med dopapir. I lommene hadde dei ikkje plass til slikt, so selsveivane etter flåing fekk gjera nytta!
«Vi levde eit grisete liv utan å kunne vaske oss, men alle lukta nok like fælt. Det var ingen som klaga. Ingen damer var om bord, so vi brydde oss heller ikkje» seier Arne Odd.
Totalt tok Polarbjørn 7500 kvitungar dette året. Resten av kvota ville dei ta på dei vaksne grønlandsselane. Men først stod klappmyssen for tur, den selen som ikkje var kvotebelagt. Klappmyssen ligg som regel meir spredt, og kastar ofte i det ein kallar tyngre is. Det vil sei at skutene må brøyta seg fram mellom isflak, for å koma nær nok. Dette gjorde at Polarbjørn, som opprinneleg ikkje var bygd for å gå i is, ikkje fekk tatt meir enn rundt 250 klappmyss med stort og smått (ungen «blueback» og mora «mus»). Klappmyssen vert som regel skutt frå skuta, ein fangstmann hoppar ned på isflaket for å feste vaier til dyret som deretter vert jolla om bord.
Til slutt skulle som sagt kvota fyllast med grønlandssel, vaksne og litt eldre ungar som no hadde vorte grå i pelsen. Det vart ein sel her og ein der, noko som kunne by på spanande situasjonar der ein måtte hoppe frå isflak til isflak. Og det å «gå gjennom isen» eller rett og slett dette i sjøen, var ikkje eit særsyn. Men skipperen i tønna hadde heile tida auge med alle på isen, og Arne Odd opplevde ikkje at nokon drukna hverken under denne eller seinare turar. For sin eigen del lika han denne plukkfangsten best sidan det var meir spanande og «krevde sin mann».
Sjølv om det å vera på selfangst stort sett var eit slit, opplevde Arne Odd turen på ishavet i 1971 som eit stort eventyr. Eit eventyr han gjentok i mange år.